politikken vår

Det offentlege Noreg

Staten må ta større ansvar for begge dei to norske skriftspråka.

SPRÅKLOVA § 1:
Offentlege organ har «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket».

Staten har ansvar for å ta vare på og halde oppe både nynorsk og bokmål som skriftspråk. Det tydlegaste uttrykket for dette er ansvaret er den nye språklova. Språklova slår fast at det offentlege Noreg har eit særleg ansvar for å fremje det minst brukte språket, nynorsk.

Språklova

Språklova tok til å gjelde frå 1. januar 2022. Lova opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie. Det offentlege må aktivt favorisere og forskjellsbehandle nynorsk. Dette må føre til ein langt meir offensiv språkpolitikk.

Noregs Mållag har tre mål for språklova: 

  • Føremålsparagrafen må gjerast til røyndom og godt kjent for stat, kommunar og fylkeskommunar. Denne oppgåva er særleg viktig andsynes opplæringssektoren.
  • Lova må følgjast opp for dei som har plikter og ansvar, mellom anna ved språkplanar.
  • Me må arbeide for å styrkje språklova, særleg kravet om at kvar tilsett i staten skal meistre nynorsk og retten for språkorganisasjonar til å klage. Det må vere sanksjonar for brot på den nye språklova. Reglane i språklova om bruk av nynorsk og bokmål i staten skal gjelde for den administrative delen av Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget.

Staten

Noregs Mållag meiner:

  • Jamstillinga mellom nynorsk og bokmål skal grunnlovsfestast.
  • Både staten, fylkeskommunar og kommunar må ha språkbruksplanar som peikar på tydeleg leiaransvar for å sikre og fremje bruk av nynorsk.
  • Departement og statlege organ må prioritere å få opp nynorskkompetansen blant eigne tilsette framfor å bruke nynorske omsetjingsbyrå eller -program.
  • Språkrådet må styrkjast og må få heimel til å føre tilsyn og kontroll med at kommunar og fylkeskommunar gjer det dei skal etter språklova.
  • Det må vere klare krav til språk i dei nasjonale standardane for digitale tenester.
  • Nynorsk må vere med i alle krav til det offentlege innkjøp, og det må utarbeidast standardar for språkkrav i offentlege innkjøp.
  • Nynorsk skal tene på eventuelle strukturendringar i det offentlege Noreg.
  • Nye lover skal vedtakast på nynorsk til me når målet om at 25 % finst på nynorsk. Nynorske lover skal ha tilhøyrande forskrifter på nynorsk.
  • Ny forvaltingslov skal kome i parallelle versjonar på nynorsk og bokmål, på same måte som Grunnlova, dersom ho ikkje vert vedteken på nynorsk.
  • Statlege nettstader skal veksle 50/50 mellom nynorsk og bokmål. I påvente av dette bør alle statlege nettsider som finst i parallellutgåve, ha nynorsk som standardval.
  • 25 prosent av teksten frå Slottet og minst éin av trontalane i kvar stortingsperiode bør vere på nynorsk. Kongehuset bør bidra til å fremje nynorsk.

Noreg var ein av dei fyrste formelt fleirspråklege statane i verda

Kommune og fylkeskommune

Nynorskkommunane er svært vikitge for å halde det nynorske skriftspråket oppe og å hegne om det. Kommunane er store skriftspråkprodusentar og utgjer ei viktig motvekt til det dominerande bokmålet.

Noregs Mållag meiner:

  • Både staten fylkeskommunar og kommunar må ha språkbruksplanar som peikar på tydeleg leiaransvar for å sikre og fremje bruk av nynorsk.
  • Den fylkeskommunale språkpolitikken må følgjast opp særskilt.
  • Dei nyss samanslegne kommunane og fylkeskommunane, der stoda for nynorsk er usikker, må følgjast opp særskilt.

Det er 90 nynorskkommunar i Noreg.

Språkteknologi

Utviklinga av språkteknologisk programvare som automatisk omsetjing, taleattkjenning og liknande har i aukande grad innverknad på språktilhøva i Noreg. Om staten ikkje grip inn, vil denne utviklinga i stor grad vere styrt av internasjonale selskap utan ansvar for den norske språksituasjonen.

Noregs Mållag meiner:

  • Staten må ta ansvar for at tilgjengeleg språkteknologi vert like breitt utvikla for nynorsk som for bokmål.
  • Noreg må få taleattkjenningsteknologi som forstår nynorsk og norske dialektar og talesyntese både på nynorsk og bokmål.
  • Kvalitetssikra maskinomsetjing på nynorsk er viktig, og omsetjingsprogram må inkludere heile breidda i den nynorske rettskrivinga. Maskinomsetjing må brukast for å gjere nynorsk meir tilgjengeleg og ikkje for å lempe på kompetansekrav.
  • Arbeidet med nynorsk terminologi i det offentlege må styrkjast slik at språkteknologi kan fungere på nynorsk i alle sektorar.
  • Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket og språksamlingane ved Unviersitetet i Bergen må ha gode vilkår, og materialet deira må vere tilgjengeleg for forskarar og utviklarar av språkteknologi.
  • Staten skal finansiere eit gratis retteprogram for nynorsk og bokmål.