Samfunnsliv

Der nynorsk er mykje brukt, har han høgare status.

Det ver meir engelsk både i næringsliv og arbeidsliv. Å sjå nynorsk i bruk rundt seg er viktig for at det skal vere lettare å bruke nynorsk. Der nynorsk er mykje brukt, har han høgare status. Difor er det viktig at lagsliv, næringsliv, trudomssamfunn og partane i arbeidslivet nyttar nynorsk systematisk.

Næringsliv og arbeidsliv

For nynorskbrukarane er det lettare å halda fram å skriva nynorsk om dei får sjå språket i butikken, i avislysingar og reklame. Medan bruken av nynorsk på mange samfunnsområde kan styrkjast ved hjelp av politiske tiltak, rår næringslivet i stor grad over seg sjølv. I dag er det mange føretak i nynorskområde som vel å profilera seg på bokmål. Men vi har også sett døme på føretak som har gått over til nynorsk som marknadsføringsspråk, og sett fordelar ved det. Desse verksemdene gjer ein svært viktig jobb for nynorsk som bruksspråk, og det må vera eit mål å få fleire til å gjera det same.

Noregs Mållag meiner:

  • at både arbeidsgjevar- og arbeidstakar sida må fremje nynorsk i arbeidslivet.
  • at destinasjonsselskapa i nynorskområde skal bruke nynorsk.
  • at spesielt dei store kjøpesentera, butikkjedene og landbrukssamvirka må bruke meir nynorsk.
  • at det skal vere like lett å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift.

Noregs Mållag har kampanjen #nynorskverksemd som fremjar verksemder som nyttar nynorsk.

Kvart år deler Noregs Mållag ut Nynorsk næringslivspris.

Friviljuge organisasjonar

Noregs Mållag meiner:

  • Det er særleg viktig at lag og organisasjonar som arbeider med barn og unge, nyttar nynorsk.
  • Når friviljuge organisasjonar driv kampanjar over heile Noreg, bør me krevje at dei lagar materiell på nynorsk.

Religion og livssyn

Trudoms- og livssynssamfunn som får statsstøtte, skal møte eit krav om å gje nynorsk trusopplæringsmateriell til born og unge i nynorskområde, og andre som ønskjer det.

Noregs fyrste nynorsk-moské ligg i Vinje i Telemark.

Samarbeid med andre språkgrupper i Noreg

Noregs Mållag stør mindretals- og minoritetsspråkbrukarar sin kamp for språklege rettar og står solidarisk med andre språkorganisasjonar i kampen for språkmangfaldet i Noreg. Me ynskjer å samarbeide med organisasjonar for samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk i relevante saker.