Kultur og media

Nynorsk må bli meir synleg der folk møter språket mest.

Litteratur og bibliotek

Den nynorske litteraturen er det fremste uttrykket for den nynorske skriftkulturen. Sjølv om nynorsk som litteraturspråk på mange måtar har høg status, er det framleis vanskelegare å selja ei nynorskbok enn ei bokmålsbok. For at nynorsk skal vera eit levande kulturspråk i framtida, trengst det ordningar som gjer det attraktivt å laga og formidla kultur på nynorsk.

Noregs Mållag meiner:

  • Det er viktig å sikre Samlaget si løyving over statsbudsjettet, gode tilskotsordningar for nynorsk litteratur i andre forlag og gode stipend for nynorske forfattarar.
  • Bokhandlarane må ta inn og profilere nynorskbøker, særleg i nynorskområde.
  • Det må vere eit breitt utval av nynorske lydbøker.
  • Den kulturelle skulesekken skal formidle eit rikt utval av nynorsk kultur til barn og unge.
  • Barne- og ungdomslitteratur som er omsett til nynorsk og nynorsk sakprosa for barn og unge må kome inn i ei automatisk innkjøpsordning.
  • Ein må tematisere biblioteka sitt ansvar for å formidle nynorsk litteratur i bibliotekarutdanninga.
  • Skuleelevar må ha tilgang til gode skulebibliotek.

Om lag 650 bøker kjem ut på nynorsk kvart år

Pressa

Språket i pressa er viktig for at nynorsk skal vere synleg i ålmenta. Fleire riksaviser har opna for nynorsk på redaksjonell plass, men det er i den rike lokalavisfloraen det meste av nynorsk mediespråk blir produsert. Nynorsk i pressa kan ikkje vera avhengig av god vilje frå einskildpersonar.

Noregs Mållag meiner:

  • Det må verte meir nynorsk i riksavisene, både riksaviser og lokalaviser, og alle avisene må opne for nynorsk på redaksjonell plass.
  • Det må vere gode vilkår for dei mange nynorske lokalavisene, for dei nynorske riksmedia Dag og Tid, Framtida.no og Nynorsk Pressekontor og for dei meiningsberande riksavisene.
  • Nynorsk avissenter i Førde er ein viktig aktør for å sikre tilgangen til gode nynorskjournalistar, og dei må ha gode vilkår.
  • Journalistutdanningane må sikre kompetanse om nynorskjournalistikk og utdanne journalistar som kan skrive nynorsk.
  • Både den direkte og den indirekte pressestøtta skal favorisere nynorsk.

39 aviser vert redigerte på nynorsk

Kringkasting

NRK står heilt i særstilling med tanke på bruk av nynorsk i kringkasting og på nett for riksdekkjande medium. NRK og TV2 er allmennkringkastarar, og difor er det viktig at både NRK og TV2 brukar meir nynorsk.

Noregs Mållag meiner:

  • Det må vere minst 25% nynorsk på nrk.no. Måten NRK måler nynorskbruken sin på må syne ei meir reell fordeling mellom nynorsk og bokmål.
  • Det må vere tydelegare krav til nynorskbruk både skriftleg og munnleg i TV2.
  • NRK Nynorsk mediesenter i Førde må sikrast gode vilkår.
  • NRK skal sikre at nynorsk vert brukt av alle distriktskontor, og at alle distriktskontora i nynorskområda skal ha eit særleg ansvar for å bruke nynorsk.
  • Det er særleg viktig at NRK Super innfrir nynorskprosenten og presenterer eit brett spekter av dialektar i tillegg til nynorsk normaltalemål.
  • Kravet om at minst 40 prosent av musikken som vert spelt på NRK skal vere norsk, må haldast oppe.
  • Det er viktig å halde på kravet om nynorsk normert tale i nyhendesendingar på NRK.

I 2019 oppfylte NRK kravet om 25 % nynorsk for fyrste gong

Teater og film

Noregs Mållag meiner:

  • Det Norske Teatret er det viktigaste teateret i Noreg og skal ha same løyving over statsbudsjettet som Nationaltheatret.
  • Det er viktig å stø opp om dei regionale teatera som speler på dialekt og nynorsk og å fremje nyskriven dramatikk på dialekt og nynorsk.
  • Det må haldast oppe gode stønadsordningar for filmproduksjon som speglar det norske språkmangfaldet.
  • Dei regionale filmsentera må haldast oppe for å sikre geografisk og språkleg spreiing i filmproduksjon.
  • Fleire filmar må få nynorsk teksting. Mållaget krev parallell teksting på nynorsk og bokmål av kinofilmar som får statsstøtte.
  • I barnefilmar er det viktig at det vert nytta ulike dialektar som får fram mangfaldet og gjer at born lærer å forstå kvarandre.

Over 250 000 vitjar Det Norske Teatret kvart år

Digitale medium

Dei fleste digitale medium er i dag drivne og utvikla av store internasjonale selskap som i varierande grad tek språkleg ansvar. Folk må få møte nynorsk i desse kanalane.

Noregs Mållag meiner:

  • Støtteordningane frå staten til å utvikle dataspel må stille språkkrav og sikre at det kjem dataspel med nynorsk tekst og tale.
  • Dei internasjonale aktørane må bidra til meir norsk språk i strøymetenestene, både i tale og tekst.
  • Norske styresmakter må arbeide for at internasjonale selskap sikrar nynorskversjonar av dei digitale plattformene.

Facebook, Wikipedia og Windows finst på nynorsk