Lærarutdanninga

Vi har sterke indikasjonar på at mange lærarar er for svake i nynorsk.

Det må løysast i lærarutdanningane, mellom anna gjennom ei ekstra satsing på nynorsk. I dag er ikkje norsk obligatorisk for dei lærarane som skal undervise på årstrinn 5–10. Det bør det bli. Lærarar som er trygge i nynorsk, er avgjerande for ei god nynorskundervisning, anten nynorsk blir undervist som hovudmål eller sidemål.

Noregs Mållag meiner:

  • Norsk skal vere obligatorisk fag også på grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. klasse.
  • Lærarstudentar som har hatt fritak frå vurdering i sidemål i den vidaregåande skulen, skal ikkje få fritak i lærarutdanninga.
  • Det må leggjast opp pensum, drivast opplæring og nivået til studentane må vurderast i både nynorsk og bokmål.
  • Det må stillast krav til kva skriftleg dugleik studentane skal gå ut av utdanninga med, og nynorskkompetansen må kome fram på vitnemålet. Det skal gjennomførast nasjonale deleksamenar for å sikre dette.
  • Lærar- og lektorstudentane som skal undervise i norsk, må få opplæring i nynorskdidaktikk.
  • Lærarutdanningane må leggje grunnlaget for at lærarstudentane går ut av utdanninga med gode haldningar til nynorsk.

1 av 3 kommunar har nynorskelevar i grunnskulen.